Når du trur du er i kjellaren, men berre er halvvegs ned trappa: - livet skal også levast etter kreftbehandling
Student paper, others
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3015905Utgivelsesdato
2022-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Antall «kreftoverlevarar» aukar. Årsaka skuldast ein kombinasjon av førebygging, tidlegare diagnostisering og meir omfattande behandlingsregimer. Men nyare forsking har vist at kreftsjukdomen kan setje spor lenge etter at kreftbehandlinga er over. Det har i laupet av dei siste åra blitt aukande merksemd kring kreftsjukdom og kreftbehandling, og den risikoen det gir for utvikling av seinskadar. Unge vaksne kreftoverlevarar er ikkje førebudd på livet vidare etter gjennomgått kreftbehandling. Overgangen frå aktiv kreftbehandling til overleving er prega av usikkerheit og ein følelse av å bli etterlete til seg sjølv. Dei opplev mange utfordringar i møte med kvardagen etter gjennomgått behandling, då dei erfarer seinskadar og utfordringar av fysisk, psykologisk og/eller sosial art. Unge kreftoverlevarar opplev psykososiale utfordringar som usikkerheit, tap, frykt for tilbakefall og endra identitet. Pasientane opplever at dei ikkje får den støtta dei har behov for i etterkant av kreftbehandlinga, og saknar ei heilskapleg oppfølging. Unge vaksne kreftoverlevarar møter på eit vidt spekter av utfordringar etter å ha gjennomgått kreftbehandling. Som følgje av fysiske, psykiske og sosiale utfordringar var det vanskeleg for unge vaksne å vende tilbake til «normalen». Dei klarte ikkje å gå tilbake til å leve som dei gjorde før dei fekk kreft, og sleit med å gjere daglegdagse gjeremål.