Suksessfaktorar og utfordringar i etikkarbeidet – med vekt på leiarfunksjonen. Ein studie i to distriktskommunar med utgangspunkt i det nasjonale prosjektet «Samarbeid om etisk kompetanseheving»
Abstract
Utgangspunktet for masteroppgåva er det nasjonale prosjektet «Samarbeid om etisk kompetanseheving i kommunane».
Studien belyser problemstillinga
Kva hemmar og fremmar etablering og gjennomføring av prosjekt «Samarbeid om etisk kompetanseheving» i to distriktskommunar – med særleg vekt på leiarfunksjonen.
Føremålet med studien er å utdjupe suksessfaktorar og utfordringar. Eit forsøk på å få forståing for og tolke kva som ligg i faktorane. Kva gjer leiarane konkret for å få til dette prosjektet? Kva for handlingar eller aktivitetar ligg til dømes i forankring?