Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyklebust, Signe
dc.date.accessioned2010-08-23T12:09:10Z
dc.date.available2010-08-23T12:09:10Z
dc.date.issued2010-08-23T12:09:10Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/98048
dc.description.abstractStudien ser på kva faktorar som er viktige for fleirkulturell integrering i kyrkjelydar i Den norske kyrkje og Det Norske Baptistsamfunn. Bakgrunnen er ein veksande fleirkulturell tendens i det norske samfunnet, deriblant eit stort antal kristne innvandrarar. Studien er kvalitativ, med hovudvekt på intervju med innvandrar og leiarar i tre ulike kyrkjelydar.Fleirkulturell integrering er ein tovegs prosess, der første trinn er deltaking. Kristne innvandrarar søker til kyrkjelyden av svært ulike grunnar. Både sosial og sakral fellesskap er sentralt her. Andre behov som ligg til grunn er knytt til borna til innvandrarane eller eit behov for å bli høyrt. Det sosiale aspektet ved det første møtet er viktig for vidare kontakt mellom kyrkjelyden og innvandraren. Neste skritt i integreringsprosessen er samhandling. Sosiale møtestader i kyrkjelyden har ei tyding her, men for å skape tilhøyrigheit og tillit er kontakt utanom kyrkjelydsaktivitetane også sentralt. Dette er det mindre av i kyrkjelydane i Den norske kyrkje. Kyrkjelydsdeltaking i Baptistsamfunnet genererer difor mest sosial kapital. Medlemskap er mindre viktig for fleirkulturell integrering i Den norske kyrkje, og konfesjonsbakgrunn har heller ikkje avgjerande tyding. Aktiv deltaking er den klart viktigaste faktoren for fleirkulturell integrering i begge kyrkjesamfunna, ved sidan av sosial tilhøyrigheit. Desse to aspekta er det sentrale ved tredje og siste trinn i integreringsprosessen. Den teologiske motivasjonen til grunn for fleirkulturell kyrkjelyd er ønskje om eit inkluderande fellesskap. Leiinga spelar ei viktig rolle for fleirkulturell integrering, mellom anna gjennom å utvise openheit.
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectdiakonien_US
dc.subjectstudentarbeideren_US
dc.subjectflerkulturellen_US
dc.subjectintegreringen_US
dc.subjectbaptisteren_US
dc.subjectDen norske kirkeen_US
dc.titleWelcome to this holy mess! Kva faktorar er viktige for fleirkulturell integrering i kyrkjelydar i Det Norske Baptistsamfunn og Den Norske kyrkjeen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber79 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel