• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • VID vitenskapelige høgskole
  • 7 Masteroppgaver / Master's Theses
  • Master i diakoni / Master's Theses in Diakonia
  • View Item
  •   Home
  • VID vitenskapelige høgskole
  • 7 Masteroppgaver / Master's Theses
  • Master i diakoni / Master's Theses in Diakonia
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Welcome to this holy mess! Kva faktorar er viktige for fleirkulturell integrering i kyrkjelydar i Det Norske Baptistsamfunn og Den Norske kyrkje

Myklebust, Signe
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Signe Myklebust.pdf (717.1Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/98048
Date
2010-08-23
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master i diakoni / Master's Theses in Diakonia [157]
Abstract
Studien ser på kva faktorar som er viktige for fleirkulturell integrering i kyrkjelydar i Den norske kyrkje og Det Norske Baptistsamfunn. Bakgrunnen er ein veksande fleirkulturell tendens i det norske samfunnet, deriblant eit stort antal kristne innvandrarar. Studien er kvalitativ, med hovudvekt på intervju med innvandrar og leiarar i tre ulike kyrkjelydar.Fleirkulturell integrering er ein tovegs prosess, der første trinn er deltaking. Kristne innvandrarar søker til kyrkjelyden av svært ulike grunnar. Både sosial og sakral fellesskap er sentralt her. Andre behov som ligg til grunn er knytt til borna til innvandrarane eller eit behov for å bli høyrt. Det sosiale aspektet ved det første møtet er viktig for vidare kontakt mellom kyrkjelyden og innvandraren.

Neste skritt i integreringsprosessen er samhandling. Sosiale møtestader i kyrkjelyden har ei tyding her, men for å skape tilhøyrigheit og tillit er kontakt utanom kyrkjelydsaktivitetane også sentralt. Dette er det mindre av i kyrkjelydane i Den norske kyrkje. Kyrkjelydsdeltaking i Baptistsamfunnet genererer difor mest sosial kapital. Medlemskap er mindre viktig for fleirkulturell integrering i Den norske kyrkje, og konfesjonsbakgrunn har heller ikkje avgjerande tyding. Aktiv deltaking er den klart viktigaste faktoren for fleirkulturell integrering i begge kyrkjesamfunna, ved sidan av sosial tilhøyrigheit. Desse to aspekta er det sentrale ved tredje og siste trinn i integreringsprosessen.

Den teologiske motivasjonen til grunn for fleirkulturell kyrkjelyd er ønskje om eit inkluderande fellesskap. Leiinga spelar ei viktig rolle for fleirkulturell integrering, mellom anna gjennom å utvise openheit.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit