Mot til å møte pasienten sine åndelege tankar og kjensler - ein kvalitativ studie
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler / Articles [1210]
- Publikasjoner fra CRIStin [1161]
Abstract
Bakgrunn: Sjukepleiarar gjev uttrykk for manglande kompetanse innan åndeleg omsorg.
Føremål: Føremålet med studien er å undersøkje korleis sjukepleiarstudentar uttrykkjer sine eigne styrkar så vel som område dei ønskjer å utvikle kring fire kompetansar innan åndeleg omsorg.
Metode: Studien nyttar kvalitativ metode og baserer seg på skriftlege svar på opne spørsmål som vart utvikla som ein del av sjølvevalueringsverktøyet EPICC-Tool. Svar frå 65 sjukepleiarstudentar ved tre bachelorutdanningar i sjukepleie i Noreg vart innhenta frå august til oktober 2020. Me følgde Braun og Clarke sin tematiske analyse av kvalitative data.
Resultat: Studentane utrykkjer både styrkar og svakheiter i tillegg til manglande merksemd på åndeleg omsorg i praksiskvardagen. Analysen gav tre tema: 1) «Open og respektfull haldning», 2) «Behov for kunnskap og erfaring» og 3) «Å opne opp for åndeleg omsorg i praksis». Diskusjonen ser på forholdet mellom auka kunnskap om åndeleg omsorg og kompetansen til sjukepleiarstudentar i møte med pasientar sine behov for åndeleg omsorg. Det vert diskutert om auka kompetanse og søkjelys på åndelege forhold kan påverke studentar sitt mot til eit aktivt fokus på åndeleg omsorg i praksiskvardagen.
Konklusjon: Funna viser at mange sjukepleiarstudentar har ei open og empatisk haldning og er motiverte til å utøve åndeleg omsorg. Dei rapporterer vidare at dei treng meir kunnskap for å bli trygge på å møte pasienten sine behov for åndeleg omsorg. Merksemd på åndeleg omsorg i praksis både retta mot pasientar, men òg i open dialog med kollegaer, er viktig
Description
Attribution 4.0 International (CC BY 4.0)