Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStav, Ragnhild
dc.date.accessioned2022-09-15T10:53:21Z
dc.date.available2022-09-15T10:53:21Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018000
dc.description.abstractOppgåva har følgande problemstilling: «Korleis kan diakonar jobbe diakonalt for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid, og kva verdi har deltakinga for frivilligheita og for dei frivillige?» Som diakon møtte eg ein person som stod utanfor arbeidslivet, men som gjerne kunne ha tenkt seg å vere frivillig om ein hadde blitt spurt. I lys av den erfaringa vart problemstillinga til. Gjennom intervju med diakonar og frivillige som står utanfor arbeidslivet har eg fått kartlagt kva refleksjonar og tankar informantane har kring denne tematikken. I botn for studia ligg litteratur om frivilligheit og teoriar kring korleis jobbe med diakoni innanfor kyrkja. Funna i undersøkinga viser ulike framgangsmåtar for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid. Ein kan samarbeide med personar som står utanfor arbeidslivet og lokale aktørar eller rekruttere personar frå sosiale arenaer. Personar som står utanfor arbeidslivet kjenner til miljøet og har større kjennskap til kva som skal til for å få folk med. Med tanke på lokale aktørar, er det mest effektive å samarbeide med aktørar som har direkte kontakt med den målgruppa ein ynskjer å nå. Det å skulle rekruttere personar frå sosiale arenaer kom som innspel i å tenke nytt rundt korleis nå ut til folk. Det diakonale aspektet ved rekrutteringa kjem til syne ved måten ein let dei frivillige delta i det frivillige arbeidet på. Då er ein nøkkelfaktor å la dei frivillige skape noko saman på tvers av skiljelinjer, og at det er rom for at dei får komme med sine innspel og vere med på å forme det frivillige arbeidet. I samband med kva verdi deltakinga har for frivilligheita tyder funna på at deltakinga har stor verdi. Frivilligheita får ei gruppe med frivillige som har forståing og innlevingsevne med deltakarar dei møter på diakonale tilbod som strevar. For nokre er det lettare å snakke med desse frivillige om det som er vanskeleg enn med diakonen. Vidare er dei med på å realisere diakonien sin visjon om at diakoni skal vere eit inkluderande fellesskap. Med tanke på kva verdi deltakinga har for dei frivillige tyder funna på at dei frivillige får kjensla av å vere nyttige, at dei meistrar ting, og at ein får utvida perspektivet frå å tenke på bekymringar kring sitt eige liv til å kunne hjelpe andre. Ein del av desse verdiane kan ein òg finne generelt hos frivillige, men verkar å ha endå større tyngde hos denne gruppa frivillige.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Osloen_US
dc.subjectdiakonien_US
dc.subjectdiakoneren_US
dc.subjectfrivillige arbeiden_US
dc.subjectfrivilligeen_US
dc.titleKorleis kan diakonar jobbe diakonalt for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid, og kva verdi har deltakinga for frivilligheita og for dei frivillige? Ei kvalitativ undersøking blant diakonar og frivillige som står utanfor arbeidslivet.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber75en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel