Korleis kan diakonar jobbe diakonalt for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid, og kva verdi har deltakinga for frivilligheita og for dei frivillige? Ei kvalitativ undersøking blant diakonar og frivillige som står utanfor arbeidslivet.
Abstract
Oppgåva har følgande problemstilling: «Korleis kan diakonar jobbe diakonalt for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid, og kva verdi har deltakinga for frivilligheita og for dei frivillige?»
Som diakon møtte eg ein person som stod utanfor arbeidslivet, men som gjerne kunne ha tenkt seg å vere frivillig om ein hadde blitt spurt. I lys av den erfaringa vart problemstillinga til. Gjennom intervju med diakonar og frivillige som står utanfor arbeidslivet har eg fått kartlagt kva refleksjonar og tankar informantane har kring denne tematikken. I botn for studia ligg litteratur om frivilligheit og teoriar kring korleis jobbe med diakoni innanfor kyrkja.
Funna i undersøkinga viser ulike framgangsmåtar for å rekruttere menneske som står utanfor arbeidslivet inn i frivillig arbeid. Ein kan samarbeide med personar som står utanfor arbeidslivet og lokale aktørar eller rekruttere personar frå sosiale arenaer. Personar som står utanfor arbeidslivet kjenner til miljøet og har større kjennskap til kva som skal til for å få folk med. Med tanke på lokale aktørar, er det mest effektive å samarbeide med aktørar som har direkte kontakt med den målgruppa ein ynskjer å nå. Det å skulle rekruttere personar frå sosiale arenaer kom som innspel i å tenke nytt rundt korleis nå ut til folk. Det diakonale aspektet ved rekrutteringa kjem til syne ved måten ein let dei frivillige delta i det frivillige arbeidet på. Då er ein nøkkelfaktor å la dei frivillige skape noko saman på tvers av skiljelinjer, og at det er rom for at dei får komme med sine innspel og vere med på å forme det frivillige arbeidet.
I samband med kva verdi deltakinga har for frivilligheita tyder funna på at deltakinga har stor verdi. Frivilligheita får ei gruppe med frivillige som har forståing og innlevingsevne med deltakarar dei møter på diakonale tilbod som strevar. For nokre er det lettare å snakke med desse frivillige om det som er vanskeleg enn med diakonen. Vidare er dei med på å realisere diakonien sin visjon om at diakoni skal vere eit inkluderande fellesskap. Med tanke på kva verdi deltakinga har for dei frivillige tyder funna på at dei frivillige får kjensla av å vere nyttige, at dei meistrar ting, og at ein får utvida perspektivet frå å tenke på bekymringar kring sitt eige liv til å kunne hjelpe andre. Ein del av desse verdiane kan ein òg finne generelt hos frivillige, men verkar å ha endå større tyngde hos denne gruppa frivillige.
Publisher
VID vitenskapelige høgskole. OsloRelated items
Showing items related by title, author, creator and subject.
-
Hvordan finne og bruke frivillige i menighetens diakonale arbeid?
Dæhlin, Eilert (Journal article, 1980) -
Å velge livet. En kvalitativ studie ved fokusgruppeintervju av frivillige på Kirkens SOS
de Presno, Torstein Garcia (Master thesis, 2014-08-22)Denne oppgaven handler om selvmordsforebygging i et diakonalt perspektiv, der hensikten er å belyse om det finnes faktorer som gjør at selvmordsnære mennesker velger livet framfor å ta selvmord og om kirken gjennom diakonien ... -
Drakamp om frivillighetens sjel
Finnseth, Asle (Journal article, 1997)