Blærekreft og BCG-behandling: kva for utfordringar opplev pasientane i behandlingslaupet?
Student paper, others
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3015850Utgivelsesdato
2022-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I Noreg vart 1410 menn og 442 kvinner diagnostisert med blærekreft i 2020. Av desse pasientane fekk 75% påvist ikkje-muskelinfiltrativ blærekreft (NMIBC). Behandlinga består av kirurgisk fjerning av svulsten (TUR-B). Pasientar som opplev tilbakefall, eller har ein hissig type blærekreft, mottar behandling med Bacillus Calmette-Guèrin (BCG). BCG-behandling er tidkrevjande for pasientane og mange vert plaga av biverknader. For enkelte er det vanskeleg å gjennomføre behandlinga. Blærekreftpasientar opplev utfordringar på fleire plan enn det fysiske når dei er under BCG-behandling. Tross dette så forbetrar livskvaliteten seg under vedlikehaldsprosessen. Sjukepleiarar som administrerer BCG må skreddarsy behandlingstilbodet for å dekke behova til pasientane. Det var utfordrande å finne tilstrekkeleg med litteratur, det er derfor naudsynt med meir forsking innanfor området.