Er det kreft, igjen?: Frykten for tilbakefall av eggstokkreft
Student paper, others
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2830125Utgivelsesdato
2021-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Innleiing: I 2019 vart 528 kvinner diagnostisert med eggstokkreft. Mange av kvinnene har avansert sjukdom allereie ved diagnosetidspunktet. Overlevingsraten etter 5 år med sjukdomen er 50,3 %, noko som har betra seg langsamt dei siste tiåra. Kvinner med gynekologisk kreft kjenner på frykt for tilbakefall (FCR). Ved tilbakefall er som regel prognosen dårlegare, og behandlingsstrategien endrar seg ofte frå kurativ til aktiv palliativ behandling.
Føremålet med studien: Undersøke korleis kvinner med eggstokkreft meistrar å leve med ein alvorleg sjukdom der faren for tilbakefall er stor.
Metode: I oppgåva vert litteraturstudie anvendt som metode. Systematiske søk vart utført i helsefaglege databasar som CINAHL, Medline, PubMed og ScienceDirect. Det var brukt ulike søkeord i forskjellige kombinasjonar og ni aktuelle forskingsartiklar vart valt ut. Artiklane er analysert og drøfta mot faglitteratur og erfaringar frå praksis.
Resultat: Gjennomgang av artiklane viser at tilbakefall av sjukdom er noko mesteparten av kvinnene fryktar. Mange handterte godt å leve med usikkerheita, medan det for andre var fysisk og psykisk belastande. Kvinnene hadde varierande erfaringar med oppfølging og møte med helsepersonell, og dei fleste rapporterte om manglande støtte til å handtere FCR.
Konklusjon: FCR er svært vanleg hos kvinner med eggstokkreft. Mange kvinner har behov for meir informasjon og støtte til å meistre usikkerheita, under og etter behandling. Digitale læring- og meistringsprogram som Gynea og LETSGO kan bidra til at kvinner får meir pasientretta oppfølging, og nødvendig hjelp av helsepersonell med riktig kompetanse som kan bidra til meistring.