dc.description.abstract | Hensikt: Hensikta med oppgåva har vore å undersøke kva behov unge pasientar med malignt melanom har, og korleis desse behova blir møtt av helsepersonell.
Metode: Dette er eit litteraturstudie. Det er gjort søk i ulike databasar som PubMed, CINAHL, SveMed og PsychInfo. Ulike kombinasjoner av MESH-ord og tekstord har blitt brukt for å finne relevante artiklar. Artikkelsøk har blitt satt til siste ti år for å nyaste forsking.
Hovudfunn: Pasientar med malignt melanom skil seg frå andre krefttypar, då gjennomsnittsalderen er yngre hjå denne pasientgruppa. Dei som får diagnosen kan ofte vere på ein plass i livet der dei framleis er i jobb og har små born som dei tar seg av. Å få ein livstrugande diagnose kan føre til bekymringar. Fleire artiklar peiker på at det ikkje er stadie av sjukdom som avgjer kor store behov pasientane har, men fleire peiker på alder, arbeid og andre utfordringar som er disponerande faktorar for auka behov. Av dei behova som kjem fram er det behovet for å bli møtt, få informasjon, få støtte og å oppleve meistring som peikar seg ut som dei viktigaste.
Konklusjon: Unge vaksne med malignt melanom har behov som ikkje vert møtt. Helsepersonell bør i større grad finne tilnærmingar for å betre måten ein møter desse pasientane. Forsking på unge vaksne med malignt melanom og psykososiale behov er eit tema som bør prioriterast i framtida. | nb_NO |