Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØvstebø, Tore Johan
dc.date.accessioned2019-01-30T15:11:58Z
dc.date.available2019-01-30T15:11:58Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2583194
dc.description.abstractDen norske kyrkja som institusjon og arbeidsplass er i stadig aukande grad blitt ein kunnskapsorganisasjon der ulike profesjonar arbeider side om side. Dette stiller også aukande krav til kompetanse hos den lokale leiinga i kyrkja. Gjennom ei kvantitativ undersøking har 185 prestar, diakonar, kateketar og kyrkjemusikarar svart på spørsmål om korleis dei leier sitt eige fagfelt og kva type kompetanse dei ynskjer seg frå næraste leiar, både med omsyn til generell leiarkompetanse og kyrkjefaglig kompetanse. Funna frå undersøkinga er drøfta i lys av tidlegare forsking på feltet, og teori om leiing, profesjonsidentitet, kompetansemobilisering og «kall» i vidaste forstand. Det kan sjå ut som dei fire omtalte faggruppene i kyrkja alle har ein sterk profesjonsidentitet, og at dei set høge faglige krav til utføring av arbeidet sitt – slik ein kan forvente av alle profesjonelle uavhengig av fagfelt. Mange opplever at dei tener Gud i jobben sin og det er viktig for dei. Like eins er det viktig for mange av respondentane å kjenne at dei gjennom arbeidet er «ein del av noko større». Mange har eit tydelig ynskje om å gjere ein skilnad i folk sine liv. Vigsling til teneste er viktig for dei som sjølv er vigsla, men ikkje eit uttalt sakn hos dei som ikkje er vigsla. Alle faggruppene ynskjer å prioritere og styre sitt eige arbeid innanfor sitt fagfelt, og at næraste leiar skal ta hovudansvar for å sikre gode arbeidsforhold og legge til rette for faglig utvikling. Samstundes vert samarbeid i kyrkjelydsstaben understreka som svært viktig både for trivselen og for å kunne gjere ein god jobb. Faggruppene synes å ha stor grad av autonomi i arbeidskvardagen sin i dag. Dei fire faggruppene er nokså samstemte i sine ynskje om at næraste leiar må ha god generell leiarkompetanse. Med omsyn til kyrkjefaglig kompetanse er det prestane som er mest opptekne av at næraste overordna må ha slik kompetanse, medan kyrkjemusikarane på si side synes dette er mindre viktig. Dette funnet er litt svekka av at «kyrkjefaglig kompetanse» er svært krevjande å definere presist overfor respondentane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Diakonhjemmet Oslonb_NO
dc.subjectverdibasert ledelsenb_NO
dc.subjectledelsenb_NO
dc.subjectkallnb_NO
dc.subjectDen norske kirkenb_NO
dc.titleForventningar til lokal leiing i Den norske kyrkja. Ei kvantitativ undersøking om forventningar til næraste overordna frå prestar, diakonar, kateketar og kyrkjemusikarar i Dnknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber103nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel