Er handdesinfeksjon betre enn handvask
Peer reviewed, Journal article
View/ Open
Date
2009Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler / Articles [1209]
Abstract
Bakgrunn: Dei norske anbefalingane for handhygiene er at handdesinfeksjon er førstevalet for korrekt handhygiene i dei fleste situasjonar.Ein skal utføre handvask berre når hendene er synleg skitne. Anbefalingane byggjer på eit solid kunnskapsgrunnlag.
Hensikt: I denne studien viser vi at ein kan reprodusere dei kjende funna om handhygiene og handvask med eit enkelt forsøksoppsett i hygieneundervisninga til sjukepleiarstudentar.
Metode: Studien er randomisert og kontrollert. Forsøkspersonane blir randomiserte til tre grupper, ei som vaskar hender, ei som desinfiserer og ei kontrollgruppe som ikkje gjer handhygiene. Gjennomføring av prøvetaking og vurdering er blinda.
Resultater: Studien viser at handdesinfeksjon gir 59 prosent reine hender, handvask gir 16 prosent reine hender, mens 12 prosent av hendene er reine når ingen handhygiene er gjort. Med 95 prosent konfidensintervall er det signifikant forskjell mellom handdesinfeksjon og handvask, og mellom handdesinfeksjon og å ikkje gjere handhygiene.
Konklusjon: Vi styrker dokumentasjonen for at handdesinfeksjon er betre enn handvask når hendene ikkje er synleg tilsølte, også blant norske sjukepleiarstudentar som nettopp har lært korrekt handvask. Studien viser ein pedagogisk metode med to siktemål: Å visualisere effekten av riktig handhygiene for studentane samstundes som dei får praktisk erfaring med kvantitativ metode. Studien inngår i ein pedagogisk samanheng der målet er kvalitetslæring som kan bidra til kunnskapsbasert praksis i handhygiene blant framtidas sjukepleiere