Fra Edinburgh til verdas ende: Utviklingstrekk i fortolkinga av kyrkjas misjonsoppdrag, 1910-2010, i lys av to talar.
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3126312Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler / Articles [1185]
- Publikasjoner fra CRIStin [1132]
Originalversjon
Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap. 2021, 75 (3), 131-145. https://doi.org/10.48626/ntm.v75i3.5459Sammendrag
Denne artikkelen samanliknar to talar av sentrale, norske kyrkjeleiarar og diskuterer deira misjonsteologiske implikasjonar, nemleg NMS-generalsekretær Lars Dahle sin tale på Edinburgh-konferansen i 1910 og KV-generalsekretær Olav Fykse Tveit sin tale på konferansen i Cape Town i 2010. Ved hjelp av ein fokusert, retorisk analyse av dei to talane og ei samanliknande drøfting av den implisitte og eksplisitte misjonsteologien dei to talane formidlar, ønskjer vi å bidra til å avdekkja nokre viktige utviklingstrekk i korleis kyrkjas misjonsoppdrag har blitt og blir forstått. Der Dahle gir praktiske råd om korleis kristne misjonærar skal opptre klokt og ansvarleg i møte med heidenske myndigheiter, så understrekar Fykse Tveit at kyrkja først og fremst er eit instrument for å skapa fred og forsoning. Dahles tale kan bli forstått i lys av ønsket om å nå alle menneske med evangeliet. Fykse Tveits tale re!ekterer først og fremst den moderne økumeniske rørsla sin misjonsteologi som hadde vekse fram i dei hundre åra etter misjonskonferansen i Edinburgh i 1910.