Kyrkjehagen. Ein arena for liv og deltaking i mangfaldig fellesskap?
Abstract
I denne studien er det teke utgangspunkt i eit særeige prosjekt knytt til ein kyrkjelyd sitt diakonale arbeid; Kyrkjehagen. Det er gjort kvalitative intervju av deltakarar i prosjektet, og ulike teoretiske perspektiv er brukt for å kaste lys over funna. Det er i stor grad teori frå det diakonale fagfeltet som er nytta, støtta opp av nokre andre perspektiv knytt til kommunikasjon og psykologi. Det er også nytta nokre rapportar og offentlege dokument for å aktualisere tematikken.
Det var eit mål å finne meir ut av korleis denne type prosjekt kunne vere eit bidrag til arbeid med diakonalt fellesskap. Conviviality er eit sentralt perspektiv som blir brukt i skildringane av det mellommenneskelege diakonale fellesskapet. Hagearbeid og samspelet mellom natur og menneske blir teke med inn bruken av dei ulike diakonale omgrepa.
Funn frå studien viser at det i Kyrkjehagen er ulike menneske som deltek i eit mangfaldig fellesskap der det ikkje er tema kva bakgrunn dei ulike deltakarane har. Det blir teke opp korleis Kyrkjehagen kan vere ein møtestad for deltaking og tilhøyrsle for ulike menneske, og særleg for menneske med utviklingshemming. Kyrkjehagen kan vere ein stad som utviklar nye former for kommunikasjonsmetodar. Det er også eit diakonalt fellesskap der naturen blir ein del av samspelet, og det blir teke fram korleis naturen både må vernast og kan gi vern.