Pappa, kvifor ler du aldri? Ein kvalitativ studie om fedre sine erfaringar med eiga helse etter samlivsbrot
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3022843Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSammendrag
Denne studien tek sikte på å syne kva erfaringar som har vore sentralt for fedre si helse etter samlivsbrot. Problemstillinga for oppgåva er kva forhold skildrar fedre som sentrale for eiga helse etter samlivsbrot. For å svare på problemstillinga gjennomførte eg fire semistrukturerte intervju med fedre som hadde vore gjennom samlivsbrot for mellom 1 – 3 år sidan. Gjennom bruk av fenomenologisk hermeneutisk analyse (IPA )analyse kom eg fram til fire hovudfunn som er fylgjande: 1. Betydning av å vere involvert i prosessen om å avslutte forhaldet», 2. Felles erfaringar som bind oss saman», 3. Samvær og 4. Å finne nye vegar.
Det empiriske materialet blir diskutert gjennom teori og tidlegare forsking som er relevant for temaet. Denne studien har ei sosialkonstruksjonistisk forankring, og søker dermed etter å forstå korleis fenomen vert konstruert gjennom relasjonane vi inngår i, og korleis vi konstruerer verda gjennom måten vi kommuniserer med kvarandre på.
Gjennom oppgåve vert det argumentert for korleis vi kan betrakte kjønn og rollene vi inngår i på nye måtar. I tillegg vil studien belyse betydinga av korleis vi kan betrakte fenomen gjennom å sjå på kva som fremmar helse framfor kva som medverkar til dårleg helse.