Den norske kyrkja si diakonale rolle som aktør i pilegrimsarbeidet knytt til Nasjonalt Pilegrimssenter. Ei kvalitativ undersøking om korleis Den norske kyrkja legg til rette i pilegrimsarbeid slik at menneske kan erfara sin identitet som skapt av Gud.
Abstract
Problemstillinga for denne masteroppgåva i diakoni er: Korleis kan Den norske kyrkja leggja til rette på pilegrimsledane organisert av Nasjonalt Pilegrimssenter, slik at menneske kan erfara sin identitet som skapt av Gud? Den norske kyrkja (DNK) har gjennom rolla si som aktør i Nasjonalt Pilegrimssenter (NPS) sitt arbeid med pilegrimsledar og pilegrimsvandringar, eit mogleg rom til å bringa fram kristne verdiar og innhald. Empirien baserer seg på seks kvalitative intervju med tilsette i DNK innanfor Stavanger Bispedømme og Nidaros Bispedømme, NPS og eit regionalt pilegrimssenter. Oppgåva har ei fenomenologisk tilnærming, og gir eit bilete av erfaringar og kunnskap hjå informantane. Teorien har med temaa identitet og gudsbilete i frå sjelesorg. I tillegg er erfaringslæring og diakoni trekt fram.
Resultat av dette studiet viser at det er viktig med eit tverrfagleg samarbeid, og erfarings- og kunnskapsutveksling. Interessa for pilegrimsvandring er aukande, og mange søkjer etter å få eit endra eller eit nytt perspektiv på seg sjølv, livet eller begge deler. Slik er det ei utfordring i samfunnet der pilegrimstanken kan møta menneska. NPS kan koordinera dette arbeidet. DNK kan ta ansvar for å gje og møta mennesket der det er, ved å leggja til rette for å visa at det er ein del av noko større, det har ein likeverdi, og det har eit ansvar for seg sjølv og andre. Opne kyrkjer er viktig både ved korte og lange pilegrimsvandringar, og generelt.