Opne samtalar i lukka fengsel. Kva beskriv innsette og tidlegare innsette som viktig for å få ein open og ærleg samtale med fengselsprest/fengselsdiakon, og kva kan gjerast for å legge betre til rette for dette?
Abstract
I denne oppgåva har eg valt å sjå nærare på samtalar mellom fengselsprestar/fengselsdiakonar og innsette i fengsel. Kva skal til for at dei innsette føler det trygt nok til å ha opne og ærlege samtalar med desse? Er det noko som kan gjerast for å legge betre til rette for slike samtalar? Gjennom oppgåva forsøker eg å svare på problemstillinga: Kva beskriv innsette og tidlegare innsette som viktig for å få ein open og ærleg samtale med fengselsprest/fengselsdiakon, og kva kan gjerast for å legge betre til rette for dette?
Blant informantane var det på intervjutidspunktet seks innsette og tre tidlegare innsette personar. Kriteriet for å vere informant, var at ein måtte hatt minst éin samtale med fengselsprest medan ein sat inne. Ingen av informantane hadde vore i fengsel med fengselsdiakon, og fokuset for intervjua vart derfor samtalane med fengselsprest. Informantane fortalde om mange gode samtalar, prega av både humor, kvardagsprat og såre tema. Dei fortalde også kvifor dei opplevde det lettare å opne seg for nokon enn for andre, og nokon stader framfor andre stader, og var innom tema eg har valt å strukturere under overskriftene trygge rom, trygge personar, trygge roller, trygge tidspunkt og trygge samtalar.
Gjennom intervjua kom det fram mykje interessant, mellom anna viktigheita av å kunne bygge ein relasjon over tid, og kor avgjerande tausheitsplikta til fengselsprestane vart opplevd av informantane når det kom til ønsket om å opne seg for nokon. Det kom også fram at informantane sette stor pris på å få samtale med fengselsprestane, uansett eigen tilhøyrsle til Den norske kyrkje eller andre livssyn/religionar. Samtalane vart opplevd som lyspunkt i kvardagen, og informantane fortalde dei vart både gladare og rolegare etter å ha opna seg for nokon. Svara informantane gav, har eg knytt opp mot teori som omhandlar makt, profesjonelle samtalar, sjelesorg og skam.
Med denne oppgåva ønsker eg også å løfte fram diakonien som allereie blir utført av fengselsprestar i norske fengsel, og på same tid utfordre tanken om at det frå Den norske kyrkje i dei fleste fengsel berre er fengselsprestar som arbeider. Nokre fengselsdiakonar har dei siste åra blitt tilsett, men kanskje er det rom for endå fleire?