Kva fremjar og kva hemmar deltaking i fysiske treningsgrupper ved ein kommunal frisklivssentral?
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766003Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Sluttrapport for praksissamarbeidsprosjekt Sola Frisklivssentral og VID Vitenskapelige høgskule 2017-2021.Sammendrag
Samandrag
Mål: Å få kunnskap om kva som fremjar eller hemmar deltaking i dei fysiske
aktivitetsgruppene ved ein frisklivssentral (FLS).
Metode: Det er her utført kvalitative intervju av 8 deltakarar. Innhaldet i intervjua er
kategorisert etter komponentane person, omgjevnad og aktivitet, og her er sett på kva som
kan vere fremjande eller hemmande faktorar innan desse kategoriane.
Resultat: Det finst hemmande og fremjande faktorar innan alle desse tre områda; person,
omgjevnadar og aktivitet. Flest faktorar omhandla det personlege. Det er viktig at FLS
tilpassar tilbodet, og vektlegg både fremjande faktorane samt identifiserar dei hemmande
faktorane. Deltakarane skildrar at dei har andre behov for hjelp i dette arbeidet enn private
aktørar kan gi dei. Dei har behov for at instruktør er helsepersonell som kjenner deira
sjukesoge og utfordringar, og som kan tilpassa både motivasjonsstøtte, oppfylgjing og
øvingar til den einskilde, i små grupper.
Konklusjon: Fire hovudråd til praksisfeltet er her identifisert: 1) Det er eit sterkt behov for eit
helseretta kommunalt tilbod som assisterar livsstilsendringar, slik FLS gjer. Tilbodet ved FLS
er viktig for at deltakarane skal få til ei livsstilsendring. 2) Det er viktig at tilbodet er
individuelt tilpassa og skreddarsydd for at deltakarane skal få til ei gradvis omlegging. 3) Det
er viktig at FLS har tverrfaglege helsefaglege ressursar å tilby då deltakarane ofte har
samansette både fysiske og psykiske utfordringar. 4) Det er viktig at tilbodet når dei
personar som har behov for tilbodet, i rett tid. Det krev at tilbodet vert tilpassa både med
tanke på personen, omgjevnadane og sjølve innhaldet på aktiviteten, og at FLS identifiserar
både fremjande og hemmande faktorar innan alle desse 3 områda.
Kunnskapsbasert skreddarsaum i aktivitetstilbodet er gjerne det viktigaste elementet i
tilbodet ved FLS. Til dette trengs det tverrfaglege ressursar som har tid avsett til dette viktige
arbeidet.