dc.description.abstract | I dei siste tiåra har Norge blitt eit stadig meir multikulturelt land, noko som kan føre til nye utfordringar. Ei av desse utfordringane er identitetsdannelsen av første-generasjons nordmenn (m.a.o. norskfødte barn av innvandrarar). Frå eit sosial-konstruksjonistisk perspektiv er identiteten konstruert og rekonstruert gjennom relasjonar som er forankra i historiske og kulturelle kontekster. Her spelar andre sine stemmer ei sentral rolle, sidan sjølvbildet vårt blir forma gjennom tilbakemeldingane frå viktige personar i livet vårt.
Denne masteroppgåva handlar om norskfødte barn av innvandrarar sine opplevelsar i forhold til tilhøyrigheit og utanforskap i det norske samfunnet, med spesielt fokus på korleis desse erfaringane påvirkar identiteten deira. For å kome nærmare dette fenomenet, gjennomførte eg fire semi-strukturerte intervju med personar som hadde relevant bakgrunn, og analyserte deretter informasjonen ved hjelp av den kvalitative forsknings-metoden Interpretative Phenomenological Analysis (IPA). | nb_NO |