Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGarcia de Presno, Camilla
dc.date.accessioned2018-08-10T13:30:55Z
dc.date.available2018-08-10T13:30:55Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2557590
dc.description.abstractDette litteraturstudie er eit forsøk på å sjå med barnevernfaglege og diakonale briller inn i eit aktuelt felt; fosterheimsarbeid. Fosterheimsarbeid er eit praksisfelt som er kompleks fordi det handlar om menneske, og dei mest sårbare menneska, nemleg dei svikta barna. Barn som bur i fosterheim har levd i omsorgssvikt og opplevd risikofaktorar av ulikt slag. Dei kjem ofte frå fattige kår, mange har foreldre med psykiske vanskar, mange har opplevd vald og neglekt. Halvparten av barna strevar med dårleg psykisk helse, og mange kjem seg ikkje gjennom ei utdanning. Trass i dei mange risikofaktorane er det ein stor del av barna som klarer seg bra; som har trygg tilknyting, gode relasjonar til familie og venner, tar utdanning, får seg gode jobbar og lever normale familieliv som voksen. Desse barna er resiliente, dei klarer seg mot alle odds. Det er både ibuande eigenskapar og miljøfaktorar som bidrar til resiliens i barnet. Miljøet speler større rolle for barn med svake indre arbeidsmodellar og uttrygg tilknyting. Tilknytingsteori viser at det er dei første to åra som er skjebnesvangre som fundament i eit barn sitt liv. Forskarane er ueinige i om det går ann å utvikle god tilknyting etter dei to første åra. Faktorar som bidrar til resiliens er mellom anna ibuande eigenskapar i barnet, sensitiv omsorg, mentaliserande foreldre og eit miljø som gjev meistring. Gode fosterforeldre kan redusere risikofaktorar i barnet sitt liv og bidra til å auke beskyttelses faktorane i livet til barnet. Tiltaket fosterheim er blitt kalla eit «sosialt eksperiment». Det å flytte eit barn ut av ein familie og eit miljø og over i eit heilt nytt miljø og familie er dramatisk, ikkje alle klarar å tilpasse seg likegodt. Det er vanskeleg å seie om tiltaket verkar, fordi det er også mange andre faktorar enn foreldre som speler inn på barns utvikling. Det vi veit er at gode fosterforeldre kan bidra å styrke barnets «indre arbeidsmodellar» og bidra til generell god utvikling. Det er grunn til å tru at fosterforeldre har stor innverknad på fosterbarn sin resiliensprosess. Dei diakonale organisasjonane Kirkens Bymisjon, Crux og Frelsesarmeen tilbyr fosterheimar. Organisasjonane er opptatt av å gje heilheitleg omsorg for barna, og sørger for tett oppfølging og kompetansebygging for sine tilsette fosterforeldre. Ein av desse er opptatt av spirituell utvikling for barn. Organisasjonane kan tilføre fosterheimsarbeidet verdifulle perspektiv.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Diakonhjemmet Oslonb_NO
dc.subjectdiakoninb_NO
dc.subjectforsterhjemsarbeidnb_NO
dc.subjectbarnevernnb_NO
dc.subjectfosterhjemnb_NO
dc.subjectresiliensnb_NO
dc.subjectfosterbarnnb_NO
dc.subjectfosterforeldrenb_NO
dc.titleFosterbarn og resiliens. Korleis kan fosterforeldre bidra til utvikling av resiliens hos fosterbarn?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber68nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel