Når livet vert sårbart og det eksistensielle trer fram - ei forteljing om Knut som kjem på sjukehus
Journal article
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2496215Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Artikkelen er bygd rundt ei eksempelforteljing som godt kunne hendt på ditt lokale sjukehus. Forteljinga er om Knut som måtte innleggast på sjukehus til behandling for ein alvorleg lungebetennelse. Forteljinga har ei form som vert mykje brukt av prestar som tek videreutdanning i sjelesorg.Ved å bruke dette oppsett vert sjukepleiaren sine tankar, vurderingar og val i samtalen tydeleggjort og oppsettet kan tene som eit hjelpemiddel til å verte meir bevisste på kva som skjer i den indre samtalen hos oss i møte med pasientar.
Artikkelen presenterer ein mal som vi håper at leserane av Tidskrift for fag og tro kan anvende i internundervisning, studie- eller refleksjonsgrupper. Forteljinga, slik den er skriven her, kan brukast til undervisning av studentar eller til internundervisning på sjukehus. Forteljinga kan bytast ut med andre forteljingar som passar inn i heimesjukepleien, på sjukeheim eller på legevakt.
På slutten av artikkelen er det satt opp ein del spørsmål til refleksjon og ettertanke. Håpet er at dei kan hjelpe lesaren til å bli betre kjend med seg sjølv, eigen verdiar og fagleg forståing og såleis verte meir bevisst på i kva grad du tenker at åndeleg omsorg er ein integret del av sjukepleiepraksis.