Sansedialog - eit verkemiddel for å skape relasjonelle menneskemøte i demensomsorg?
Abstract
Personar med demens og deira pårørande er i ein sårbar livssituasjon. Miljøtiltak er ein viktig del av omsorg til personar med demens. Dette er ikkje direkte helsetenester, men noko pårørande, vennar, kyrkjelydsarbeidarar og andre kan ta ansvar for som del av ein heilskapleg demensomsorg. Samhandlingsreforma tek grep for å møte omsorgsutfordringar. I framtida er det venta fleire omsorgsmottakarar per helsepersonell. Den andre samhandlingsreforma er allereie varsla gjennom utgreiinga Innovasjon i omsorg (NOU 2011:11), der nettverket til pasienten får eit tydelig medansvar som omsorgsytarar.