Kom skal vi synge litt! Ein kvalitativ studie av babysang som diakoni og førebyggjande helsesarbeid.
Abstract
Oppgåva har følgjande problemstilling: Korleis kan kyrkja, gjennom tilbod om babysang, vere ein aktør i det førebyggjande helsearbeidet?
Studien byggjer på intervju med 8 informantar som har ansvar for babysang i ulike samanhengar. To av informantane har ansvar for babysang i regi av Frelsesarmeen, ein informant har ansvar for babysang i regi av kulturskulen og fem informantar har ansvar for babysang i regi av Den norske kyrkje. Ein av dei fem informantane som har babysang i regi av Den norske kyrkja har tett samarbeid med helsestasjonen. Det same har informanten som har babysang i regi av kulturskulen. Dei siste åra har Den norske kyrkje også vore ein del av samarbeidet.