Kyndig og dedikert : ein studie av pårørandes erfaringar i møte med helsepersonell i ei palliativ avdeling
Abstract
Sammendrag/Bakgrunn:
Forskning viser at pårørande har ulike erfaringar og behov i livets sluttfase. Pårørandes behov i sjukehus står
fram som eit viktig område å forske meir på. Meir kunnskap om pårørandes erfaringar er viktig for å utvikle
systematiske, gode tilbod for pårørande til palliative pasientar som avsluttar livet i sjukehus.
Hensikt:
Studiens formål er å beskrive og tolke korleis pårørande sine erfaringar er ved livets sluttfase i ei palliativ
avdeling.
Teoretisk forankring:
Studiens teoretiske forankring er knytta til teoriar om palliasjon og pårørande.
Studien har ei kvalitativ, fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming.
Metode:
Studien er utført med kvalitative djubdeintervju. Lindseth og Norberg`s fenomenologisk - hermeneutiske metode
for å forstå levde erfaringar er brukt som analysemetode.
Utvalg
Utvalget består av 6 pårørande av begge kjønn der ein av deira næraste døydde i ei palliativ sjukehusavdeling.
Resultat:
Hovedfunn er at pårørandeerfaringar kan forståast som behovet for å møte fagpersonar som er kyndige og
dedikerte. Ein slik praksis tilrettelegg for samvær med familie. Kyndigheten og dedikasjonens innhold har fleire
aspekt. Informantane ynskjer å bli møtt av helsepersonell som er profesjonelle og som har tid til å ivareta ulike
behov. Pårørande har eit stort informasjonsbehov ved alvorleg sjukdom. Dei har også behov for støtte og råd i
forhold til ivaretagelse av barn og ungdom som pårørande.
Konklusjon:
Pårørande ynskjer å vere saman med sine næraste i livets sluttfase i sjukehus. Det er viktig at helsepersonell legg
til rette for dette både i forhold til behov av både praktisk og emosjonell karakter. Gode system tilrettelagt av
fagpersonar med god kompetanse er viktig for å ivareta dette.