Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHerstad, Julie Hammerseth
dc.date.accessioned2022-08-09T11:12:09Z
dc.date.available2022-08-09T11:12:09Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3010797
dc.description.abstractHensikt: Studien har søkt å utforske kva erfaringar kontaktlærarar i grunnskulen har med tverrfagleg samarbeid kring elevar med samansette vanskar. Hensikta med studien er å belyse korleis eit utval lærarar erfarer å samarbeide med andre faggrupper, og kva dei erfarer vert si rolle i samarbeidet. Teoretisk forankring: Studien er teoretisk forankra i forsking og litteratur om tverrfagleg samarbeid. PINCOM modellen (Ødegård, 2016) samt Glavin og Erdal (2018) bidreg til litteratur kring tverrfagleg samarbeid. Teorien syner at samarbeid er komplekst og gir eksempel på ei rekkje hemmande og fremjande faktorar for samarbeid. Metode: Gjennom fokusgruppeintervju av kontaktlærarar på tre grunnskular i ulike delar av landet vart det undersøkt erfaringar knytt til tverrfagleg samarbeid og eiga rolle i samarbeid med andre fagprofesjonsgrupper. Intervjua vart transkribert og analysert med ei hermeneutisk fenomenologisk tilnærming, og ved hjelp av prinsippa i systematisk tekstkondensering. Resultat: Gjennom analysen kom det fram følgjande kodegrupper: Første kodegruppe: Læraren sin nærheit til eleven som kunnskapsgrunnlag; syner korleis lærarane vektlegg relasjon som ein faktor i samarbeid. Funn kring motivasjon, roller og makt vert diskutert. Andre kodegruppe: Lærarane ønskjer å gje frå seg ansvar; Funn knytt til eigen og andre si kompetanse, ansvar, teieplikt og samlokalisering vert lagt fram og diskutert. Tredje kodegruppe: Lærarane opplev samarbeidet med andre tenester som uavklart. Der funn knytt til gruppeleiing, meistring, kommunikasjon og relasjon mellom faggruppene vert lagt fram. I drøftinga vert funna sett i samanheng med PINCOM modellen (Ødegård, 2016) sine nivå knytt til individ og gruppe. Konklusjon: Lærarane erfarer at tverrfagleg samarbeid er nyttig, og at dei andre fagprofesjonane si kompetanse er nødvendig for å støtte alle elevar. Samtidig viser funna at lærarane opplev det utfordrande å samarbeide. Deltakarane opplev eiga rolle i samarbeidet som uklar. Maktforhold, teieplikt og organisering gjer at lærarane ofte kjenner seg forbigått i viktige saker som omhandlar deira arbeidssituasjon og elev. Lærarane erfarer at det er lite konkrete tiltak å tilby elevane og at dei som lærarar står att med store delar av ansvaret åleine. Samarbeidet opplevast tilfeldig og personavhengig. Deltakarane vektlegg relasjon IV som ein sentral faktor i samarbeid. Lærarane ønskjer å bidra inn i laget med informasjon og sin nærheit til eleven. Slik deltakarane skildrar dagens situasjon, opplev dei liten grad av tillit til dei andre i laget grunna manglande relasjonar og utfordrande samarbeid. Dette fører til ein ambivalens knytt til å gi frå seg ansvar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Osloen_US
dc.subjecthelsefremmende relasjonsarbeiden_US
dc.subjectopplæringen_US
dc.subjectkontaktlærereen_US
dc.subjectlærereen_US
dc.subjectskoleren_US
dc.subjecttverretatlig samarbeiden_US
dc.subjecttverrproffesjonelt samarbeiden_US
dc.subjecttverrfagleg samarbeiden_US
dc.titlePå lag kring eleven? Ei kvalitativ studie om kontaktlærarar i grunnskulen si erfaring med tverrfagleg samarbeid kring elevar med behov for oppfølging frå ulike profesjonar.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber66en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel