Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLund, Aksel Johan
dc.date.accessioned2021-03-05T08:59:04Z
dc.date.available2021-03-05T08:59:04Z
dc.date.issued2020-12
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2731776
dc.description.abstractI denne masteroppgåva undersøker eg tre gudstenester halde digitalt i Den norske kyrkja under koronapandemien 2020. Målet med oppgåva er å svare på spørsmålet: Korleis hender liturgisk meiningsskaping i gudstenester som emigrerer til eit digitalt medium? Gudstenestene vert undersøkt ved hjelp av den praktiske teologiens fire oppgåver etter Richard Osmer; deskriptivt-empirisk, tolkande, normativ og pragmatisk. Eg brukar denne modellen lineært. Den første oppgåva består i ein diskusjon av bakgrunn, problemstilling, teori og metode, så vel som dei tre gudstenestene som datamaterialet består av (kapittel 1). Etter å ha drøfta liturgisk teologi i kapittel 2, fortset eg med den praktiske teologiens andre oppgåve og brukar riteoverføringsteori for å beskrive korleis dei aktuelle gudstenestene emigrerer til digitale rom (kapittel 3). Den tredje oppgåva består i ein teologisk diskusjon av funna i kapittel 3 i dialog med liturgisk-teologisk litteratur, med føremål om å avdekkje korleis meiningsskaping hender i desse gudstenestene (kapittel 4). Deretter teiknar eg opp ein modell for liturgisk meiningsskaping. Modellen består av tre typar, som eg kallar ordo, kerygma og koinonia. Desse vert drøfta i høve til fem dimensjonar: liturgen si rolle, Guds locus, deltakinga sin funksjon, forståing av mediet, og meiningsskaping. Til slutt, i kapittel 5, oppsummerer eg funna mine, før eg held fram med det siste steget i Osmer sin modell, og diskuterer korleis funna mine er relevant for kyrkjeleg praksis. Dei tre drøfta typane representerer tre ulike tilnærmingar til mediering av gudstenester. Ordo-typen fokuserar på liturgien i seg sjølv, og tek den tradisjonelle posisjonen i Schmemann-tradisjonen med at det er dei djupe strukturane i ordoen som gjer gudstenesta til ei meiningsskapande hending for deltakarane. Kerygma-typen fokuserer på gudstenesta som forkynning og læring, og vektlegg preika og på liturgien som ei kjelde til kunnskap og læring. Koinonia-typen fokuserer på fellesskapen som oppstår når kristne samlast, og ser på fellesskapen i seg sjølv som det som gjer gudstenesta meiningsfull. Avslutningsvis konkluderer eg med at koinonia-typen er den gudstenestetypen som synest å adressere konteksten best, i og med at mange var einsame og mangla fellesskap under koronapandemien. Likevel understrekar eg at det viktigaste omsynet når ein gjer gudstenester på nettet, ikkje er å avgjere kva for ein type som er best, men kva for ein som best svarar på behova i eins eigen kontekst. Koinonia-gudstenesta var kanskje den mest passande under koronapandemien, men i andre kontekstar kan andre typar gudstenestar svare betre på behova i konteksten.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectteologien_US
dc.subjecttheologyen_US
dc.subjectdigital solutionsen_US
dc.subjectdigitale medieren_US
dc.subjectmeningsskapingen_US
dc.subjectkoronavirusen_US
dc.titleCommunio digitalis Ein studie av tre digitale gudstenester i Den norske kyrkja under koronapandemien 2020en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151en_US
dc.source.pagenumber70en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel