Utviklingshemming og aldring. Ein kvalitativ studie om utfordringar for tenesteytinga
Abstract
Denne studien handlar om utviklingshemming og aldring. Det er no tilnærma den første generasjonen personar med utviklingshemming som samla når høg alder, og difor er det lite kunnskap og forsking på dette feltet. Eldre personar med utviklingshemming er ei sårbar gruppe medborgarar.
Studien er ei kvalitativ undersøking, retta mot tenesteytarar i kommunale butiltak. Den er gjennomført ved semistrukturert intervju i fire fokusgrupper, fordelt på 12 erfarne tenesteytarar frå butiltak i fire kommunar.
Problemstillinga som vert undersøkt er: Kva utfordringar kjem til uttrykk hjå tenesteytarar i kommunale butiltak knytt til aldring hjå personar med utviklingshemming? Tre ulike perspektiv til problemstillinga vert nytta vidare i analyse: - Utfordringar frå tenesteytarane sitt eige perspektiv. - Utfordringar slik tenesteytarane ser det frå bebuarane i aldring sitt perspektiv. - Utfordringar slik tenesteytarane ser det frå perspektivet kommunal tenesteyting?
Dei mest interessante resultata frå studien er:
Tenesteytarar i kommunale butiltak kan ha mange utfordringar med å fange opp og forstå endringar som skjer i ein aldringsprosess for personar med utviklingshemming. Utviklingshemminga hjå personen i aldring kan skugge over funksjonsfall og andre endringar, og skape vanskar for tenesteytarane i å identifisere kva som er årsakene. Mangel på kunnskap og kompetanse, felles haldepunkt og rutinar, samt arenaer for informasjonsutveksling og refleksjon i butiltaka kan forsterke tenesteytarane sine utfordringar.
Aldring hjå personar med utviklingshemming er også ein prosess for pårørande.
Nedtrapping av dagtilbod og aktiviteter på grunn av aldring kan vere ein konsekvens for mange personar med utviklingshemming, noko tenesteytarane ser ut til å ha stor uro for i mangel på ressursar og alternativ i butiltaka. Det er også knytta uro til kva som er eit godt butilbod for dei eldre med utviklingshemming. Frå eit overordna kommunalt perspektiv kan det verke som om tenesteytinga er lite heilskapleg og koordinert i høve til endra behov hjå bebuarane i aldring. Mange tenesteytarar kjenner belastninga i å stå i eit gap mellom overordna krav og ressursar på den eine sida, og behov og forventningar frå bebuarar og pårørande på den andre sida.
Tenesteytarane viser mange gode intensjonar overfor bebuarane i aldring, men aktiv støtte til medverknad og medborgarskap kjem i mindre grad fram i studien. Dette kan tolkast som ei devaluering av medborgarskapet til bebuarane i aldringsprosess. Ser ein på verdigrunnlaget og prinsippa som ligg til grunn for personsentrert omsorg, kan ein ikkje konkludere med at personsentrert omsorg er gjeldande for butiltaka i denne studien.