«Jeg gjør ikke dette for å være ekkel mot systemet, jeg gjør det for å hjelpe mitt barn». Foreldreerfaringar kring søking av hjelpemiddel gjennom NAV, i saker som gjeld born med funksjonsnedsettingar.
Abstract
Om lag 15% av befolkninga i Noreg har ei form for funksjonsnedsetting. Mange av desse personane treng hjelpemiddel for å fungere i kvardagen. I 2014 vart det formidla hjelpemiddel for kring fem milliardar kroner. Personar under 18 år utgjorde i underkant av 10% av brukarane av hjelpemiddel. Lovfesta rett til brukarmedverknad gjer at brukarane skal kunne påverke i val av hjelpemiddel og at sakshandsamaren skal ta omsyn til brukarane sine perspektiv.
Problemstillinga for studien handlar om kva erfaringar foreldre til born med fysiske funksjonsnedsettingar har kring søking av hjelpemiddel ved NAV.