Vegen til arbeid. Ein kvalitativ studie. Ungdommar si oppleving av arbeidspraksis i ordinær verksemd,organisert av NAV
Abstract
Formålet med denne studien har vore å finne ut kva som aukar sjansen for at ungdom lukkast med å kome i arbeid eller utdanning, etter å ha gjennomført arbeidspraksis i ordinær verksemd. Det var formulert eitt hovudspørsmål for denne studien:
Problemstilling: Kva er det ungdommen sjølv opplever har påverka motivasjonen i arbeidspraksis i ordinær verksemd?
Metoden som er valt for å besvare prosjektets problemstilling, er av kvalitativ tilnærming. Individuelle intervju med fire ungdommar i alderen 20-24 år vart nytta for å besvare problemstillinga.