Det doble sviket: Kva føresetnader treng sjukepleiar for å tidleg identifisere og rapportere om fysisk vald mot barn i nære relasjonar?
Abstract
Fysisk vald mot barn er eit omfattande folkehelseproblem verda over. Barn, særleg dei minste barna, er ei sårbar gruppe for fysisk vald då dei er spesielt avhengige av tryggheit og omsorg for ein riktig utvikling, fysisk og emosjonelt.
Sjukepleiarar spelar ei avgjerande rolle i tidleg identifisering og rapportering av fysisk vald mot barn i nære relasjonar. Føresetnaden er kunnskap, tydelege rutinar for dokumentasjon og rapportering, støtte frå eiga leiing, og samarbeid på tvers av fagfelt. Tverrfagleg samarbeid og kunnskapsdeling er avgjerande for å styrke sjukepleiarane si evne til å handtere desse to utfordringane. Ved å ha desse føresetnadene på plass kan ein bidra til at eit barns tryggleik er sikra tidlegare, samt redusere moglegheitene for langvarige helseplager seinare i livet.