Barnet si stemme ved samlivsbrot. Kva kan barn fortelje om sine opplevingar i samband med foreldra sitt samlivsbrot?
Abstract
Barn og ungdom kan oppleva at foreldra deira går gjennom eit samlivsbrot, dette påverkar dei på mange måtar. Fokus i denne undersøkinga er korleis barn og ungdom kan ha det når foreldra går frå kvarandre. Korleis kan det vera å leva med foreldra sine under og etter samlivsbrotet? I mastergradsoppgåva ynskjer eg å få fram barna sine stemmer, og om korleis dei opplevde den nye familiesituasjonen. Korleis vart barna ivaretekne av foreldra når dei vaksne var midt oppe i eit samlivsbrot? Klarte dei vaksne, ut frå barnet sin ståstad, å vera opptekne av barna sine og sjå deira behov i denne perioden? Ein periode som også kan vera vanskeleg for dei vaksne.
Tema for mastergradsoppgåva; Barnet si stemme ved samlivsbrot
Problemstilling;
Kva kan barn fortelje om sine opplevingar i samband med foreldra sitt samlivsbrot?
- Barna sine erfaringar og tankar i ein ny familiesituasjon?
- Kva oppleving hadde barna av å bli sett og høyrt, og kva kan dei gi av råd til vaksne og barn i liknande situasjon?