Dylan og døden: menneskeleg liding og narrativ etikk. Kap. 1
Original version
https://doi.org/10.23865/noasp.40.ch1Abstract
Døden går som ein svart tråd gjennom Bob Dylans songlyrikk. Frå debutplata i 1962 med sine dødsfikserte tradisjonelle bluessongar, via menneskeleg liding og død i protestsongar på 1960-talet til meditasjonar over eigen dødelegheit og forgjengelegdom på 1990-talet, for berre å ha nemnd tre opplagte døme. I dette kapitlet vil eg argumentere for at Dylan sine framstillingar av menneskeleg liding og død inneber ein narrativ etikk (Booth, 2002; Newton, 1995). Omgrepet narrativ etikk viser til at forteljingar presenterer oss for ulike etiske og moralske problemstillingar gjennom dei hendingane og karakterane som møter oss, og gjennom den haldninga som forteljaren og forteljinga syner fram.
Description
I : A.Johannessen, N. Askeland, I. B. Jørgensen & J. Ulvestad (Red.), Døden i livet