Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRogne, Jannike Gangstø
dc.date.accessioned2017-09-01T07:45:07Z
dc.date.available2017-09-01T07:45:07Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2452660
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har tatt utgangspunkt i problemstillinga: Korleis forstår tilsette ved barnevernstiltak for ungdom, eigd av ein diakonal stiftelse, organisasjonen sitt verdimessige og diakonale særpreg? Oppgåva er retta inn mot den diakonale institusjonen Styve Gard. Verksemda er eig av den diakonale stiftelsen Kirkens Sosialtjeneste, og utfører barnevernsfagleg omsorgsarbeid på oppdrag frå offentleg velferdsteneste. Styve har såleis eit dobbelt oppdrag og ein dobbel identitet. Undersøkinga bygger på kvalitativ metode. Åtte tilsette ved verksemda er intervjua om temaa verdiar og diakoni. Informasjonen frå intervjua er systematisert ut i frå det informantane eksplisitt og implisitt fortalte om verdiane og diakonien. Oppgåva bygger på teori innan organisasjon, verdiar og diakoni. Verksemda støttar seg til Den norske kyrkja sin definisjon av diakoni, og er grunnlaget for den diakonale forståingsramma. Drøftinga viser at ulike sider ved organisasjonen påverkar korleis tilsette forstår det verdimessige og diakonale særpreg. Den doble identiteten, og det doble faglege fokuset, fører med seg fleire utfordringar som er sentrale for tilsette si forståing. Studien viser at tilsette har god forståing for kjerneverdiane og slagordet i verksemda. Verdiane er godt integrert i arbeidet. Studien viser at likskapen mellom den diakonale og den sosialfaglege omsorga, fører til at den diakonale sida av verksemda blir utydeleg. Undersøkinga gir eit bilete av at tilsette ikkje opplever diakonien som særleg relevant i arbeidet. Dette gir signal om at dei har ei manglande forståing av kva den diakonale sida av verksemda handlar om. Såleis er det vanskeleg for dei å definere arbeidet innanfor den diakonale ramma. Studien viser at tilsette har positive assosiasjonar til dei medmenneskelege verdiane i den kristne trua. Implisitt i informantane sine omtalar av arbeidet, er det mogeleg å sjå sentrale diakonale element. Studien viser såleis at likskapen mellom fagfelta er naturleg. Konklusjonen i oppgåva er at dei tilsette har ei delvis forståing av det verdimessige og diakonale særpreget ved Styve Gard. Studien viser at tilsette erfarer kjerneverdiane og slagordet til å vere ein sentral del av organisasjonen, men dei har ein mangelfull kjennskap til den diakonale sida av verksemda. Dette trass i positive assosiasjonar til organisasjonen si tilknyting til kyrkja og den kristne trua. Såleis oppfordrar denne studien å tydeleggjere den diakonale sida av verksemda.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Diakonhjemmet Oslonb_NO
dc.subjectdiakoninb_NO
dc.subjectstudentarbeider
dc.subjectbarnevernstiltak
dc.subjectungdom
dc.subjectStyve Gard
dc.titleDet verdimessige og diakonale særpreg ved organisasjonen Styve Gard. Ei kvalitativ undersøking av tilsette si forståing av organisasjonen sitt verdimessige og diakonale særpreg.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber106nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel