Show simple item record

dc.contributor.authorEikeland, Therese
dc.date.accessioned2017-02-09T14:42:51Z
dc.date.available2017-02-09T14:42:51Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2430198
dc.descriptionBacheloroppgave 2016
dc.description.abstractDenne oppgåva tek for seg på kva måte sjukepleiaren kan bruke kommunikasjon i møtet med den deprimerte pasienten. Sjukepleiaren sitt mål for kommunikasjonen skal vere å hjelpe pasienten til å skape meining i kvardagen. Dette temaet blei valt med tanke på eigne erfaringar frå praksis og frå arbeidslivet. Etter kvart i studiet er det også komme fram at dette er eit stort tema innanfor sjukeheimsarenaen. Heile 32 % av pasientane på sjukeheim slit med udiagnostisert og ubehandla depresjon (Dragseth mfl., 2012, s. 872). Problemformuleringa mi er: På kva måte kan sjukepleiar bruke kommunikasjon for å skape meining i kvardagen til den deprimerte pasient på sjukeheim? Litteraturstudiet er basert på humanvitskap og er av hermenautisk karakter. Eg har trekt inn erfaringsbasert kunnskap, faglitteratur, pensum, samt kvantitativ og kvalitativ forsking. Eg har brukt både primær- og sekundærkjelder for å belyse tematikken. Som sjukepleiarteoretikar brukte eg Kari Martinsen og hennar filosofiske tankar om sjukepleie, omsorg, relasjon og kommunikasjon. I oppgåva presenterast utvald teori knytt til depresjon, alderdom og funksjonssvikt. Oppgåva belyser betydinga av relasjon mellom pleiar og pasient, og på kva måte dette kjem innunder kommunikasjon og meining. I tillegg tek oppgåva for seg kva sjukepleiar kan gjere for å møte denne pasientgruppa. I drøftingsdelen laga eg eit case som blei brukt for å trekkje kommunikasjon inn i ein reell situasjon. Det viser seg at sjølve relasjonen mellom sjukepleiar og pasient er av stor betyding. Relasjonen blir skapt gjennom kommunikasjon der tillit er nøkkelen. Elles er det viktig at sjukepleiaren har gode kommunikasjonsferdigheitar. Blant anna ligg gode haldningar og empati til grunne for slike ferdigheitar. Å vere der for pasienten gjennom aktiv lytting er viktig for at pasienten skal kunne klare å skape ein kvardag med eit innhald av meining.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectkommunikasjonnb_NO
dc.subjectsykepleierenb_NO
dc.subjectdepresjonnb_NO
dc.subjectfunksjonshemmingnb_NO
dc.subjectmeningsfulle aktiviteternb_NO
dc.subjectsykehjemnb_NO
dc.subjecteldrenb_NO
dc.titleEit lite lys i mørketnb_NO
dc.title.alternativeA little light in the darknessnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber35 s.nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record