Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørneklett, Eline
dc.date.accessioned2021-11-17T12:52:14Z
dc.date.available2021-11-17T12:52:14Z
dc.date.issued2021-05
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2830108
dc.description.abstractIntroduksjon: For mange kreftpasientar vil seinskader som følgje av behandlinga eller sjukdommen påverke og endre livet inkludert den seksuelle helsa. Gynekologiske kreftpasientar er særleg utsette for at behandlingsmetodane kan få konsekvensar for seksualiteten. For å sikre god kompetanse i helsetenesta om seinskader etter kreftbehandling, er det difor nødvendig med kunnskap om korleis behandlinga påverkar den seksuelle helsa, slik at seksuell helse kan integrerast i helsefremjande og sjukdomsførebyggande arbeid. Problemstilling: Korleis påverkar gjennomgått kurativ kreftbehandling seksuell helse hos kvinner med gynekologisk kreft? Metode: Litteraturstudie vart nytta som metode. Litteratursøka vart utført i databasane Medline, CINAHL og PsycINFO. Følgjande søkeord vart nytta: «genital neoplasms», «uterine cervical neoplasms», «ovarian neoplasms», «vulvar neoplasms», «cancer survivors», «late adverse effects», «life experiences», «rehabilitation», «sexual behaviour», «psychosocial functioning», «health personnel», «sexual activity», «dialogue», «sexual health», «sexuality», «quality of life» og «sexual dysfunction». Resultat: Resultat frå ni forskingsartiklar viste at kreftbehandlinga kan få negative konsekvensar for fysiske-, psykiske-, og sosiale aspekt ved seksualiteten. Fysiske endringar som følgje av behandlinga kunne føre til dårlegare kroppsbilete, endra identitetskjensle og endring i seksuallivet som igjen kunne verke negativt på relasjonen til partnar. Konklusjon: Kreftoverlevarane etterlyste informasjon då dei følte seg lite førebudde og hadde vanskar med å handtere biverknader etter behandlinga og konsekvensane desse fekk for den seksuelle helsa. Dette kan tyde på at det ikkje føreligg gode nok rutinar for korleis helsepersonell skal ta opp temaet. PLISSIT-modellen er eit allereie kjent og eigna verktøy å bruke i samtalar om seksuell helse, og kan med fordel nyttast. Vidare forsking der ein undersøker korleis slike samtalar best mogleg kan implementerast i praksis kan synast hensiktsmessig. Synleggjering av denne kunnskapen er nødvendig, slik at helsepersonell i størst mogleg grad kan førebygge at biverknader av behandlinga får negative konsekvensar for den seksuelle helsa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole Bergenen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectGynekologisk kreften_US
dc.subjectSeinskaderen_US
dc.subjectSeneffekteren_US
dc.subjectSeksuell helseen_US
dc.subjectLivskvaliteten_US
dc.subjectPLISSIT-modellenen_US
dc.titleSeineffektane ein ikkje snakkar om: Gynekologisk kreftbehandling og seksuell helseen_US
dc.typeStudent paper, othersen_US
dc.source.pagenumber33en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal