Inspirasjon og integrasjon i mi historie som familieterapeut. Ein autoetnografi.
Abstract
Denne studien set lyskastaren på forskarens personlege utvikling som familieterapeut. Studien er forma som ein autoetnografi med vekt på inspirasjon, integrasjon, sjølvrefleksjon og utvikling. Studiens analyse er inspirert av tematisk analyse. Studiens funn er å sjå som sosiale konstruksjonar bygt opp gjennom forskarens opplevingar i kontekst med forskarens kultur og relasjonar. Funnas hovudkategoriar omhandlar inspirasjon frå terapiintern kunnskap, terapiekstern kunnskap og personlege kjenneteikn. Studiens formål er å rydde i eit mangfald av fagleg inspirasjon, metodikk og tematikk for at forskaren sjølv skal kunne ta eit medvite val om korleis vere familieterapeut. Studien er også meint å inspirere andre terapeutar til sjølvrefleksivitet og utvikling.