Mellom barken og veden
Abstract
Føremålet med dette litteraturstudiet er å undersøke korleis ein kan ivareta pårørande til pasientar med kreft i terminal fase. Studiet rettar fokus mot kva pasienten, pårørande og helsepersonell ser for seg er viktige element i korleis ein skal ivareta pårørande i den terminale fasen.
Dette litteraturstudiet har nytta aktuell internasjonal forsking. Det kjem fram kva pasient og pårørande føler er dei største utfordringane kring korleis dei skal bli involvert, samt korleis helsepersonellet tenker kring involvering av pårørande i den terminale fasen.
Litteraturstudiet konkluderer med at det er fleire områder som treng meir fokus framover. Per dags dato manglar det systematiske verktøy for inkludering av pårørande. Ein kan sjå at utan desse verktøya risikerer pårørande å havne mellom barken og veden. Feltet kan styrkast ved at det vert lagt til rette for kunnskapsutvikling frå kvar enkelt arbeidsplass og at det vert via tid og ressursar til utvikling av nye og betre verktøy.
Description
Fordypningsoppgave i Kreftsykepleie 2020