Tidleg identifisering av sepsis. Korleis kan sjukepleiar bidra til tidleg identifisering av sepsis hos eldre heimeverande brukarar
Abstract
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar bidra til tidleg identifisering av sepsis hos eldre heimeverande brukarar?
Metode: Metoden valt for oppgåva er litterær oppgåve. I oppgåva er det brukt relevant litteratur, forsking innanfor feltet, eigne erfaringar og pensumbøker.
Funn: Funna viser at sepsis i heimesjukepleien er vanskeleg å identifisere. Det visast til at heimesjukepleien består av tilsette med ulik kompetanse. Det vert lagt vekt på kompetanseheving, stort tidspress og korleis bruk av ressursar har påverknad på pleie.
Drøfting: Mangel på tid og ulik kompetanse er nokon av utfordringane i heimesjukepleien. Bruk av kartleggingsverktøya NEWS, SOFA og QSOFA kan bidra til tidleg identifisering av sepsis hos eldre heimeverande.
Oppsummering Tidleg identifisering av sepsis kan vere utfordrande i heimesjukepleien. Kartleggingsverktøy må brukast for tidleg identifisering, og det er nødvendig å legge vekt på både auka kompetanseheving og meir forsking innanfor sepsis i heimesjukepleien.