Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvamme, Solveig Astrid
dc.date.accessioned2020-08-19T07:31:38Z
dc.date.available2020-08-19T07:31:38Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2672901
dc.description.abstractDenne oppgåva undersøker kva rolle eit felles verdigrunnlag kan ha i ei stor samanslåing av fem kommunar. Utgangspunktet for oppgåva er problemstillinga: Kva overordna rolle kan eit felles verdigrunnlag ha i samanslåing av organisasjonar og i bygginga av ein ny organisasjon? Med det som utgangspunkt så har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking der eg intervjua sju leiarar i toppleiinga til den nye storkommunen Ålesund kommune samt at eg har sett på intensjonsavtalen og det overordna styringsdokumentet for nye Ålesund kommune. Intervjutidspunktet var frå 9 til 6 månader før kommunesamanslåing var ein realitet og det betyr at materialinnsamlinga skjedde i ein av dei mest intense periodane i prosessen. Nokre av dei eg intervjua hadde nett vorte tilsette i si nye stilling, og hadde nettopp starta med å sette seg inn i eige stabs- eller kommunalområde. Andre hadde vore i den prosessen ei tid allereie. Det teoretiske grunnlaget for undersøkinga knyte eg til nokre nøkkeltema og forståelsen av dei som verdiar og verdiarbeid, organisasjonskultur, endring og verdibevisst leiing. Eg vel å ta med litt om bakgrunnen og historia rundt denne kommunesamanslåinga, mest fordi den er stor, med fem kommunar så stor at den er ei av dei største samanslåinga når det gjeld tal organisasjonar som slår seg saman i nyare tid i Norge. Det er relativt sjeldan, om det i det heile har skjedd før, at det er så mange organisasjonar som går saman. På bakgrunn av materialet eg fekk når intervjua var transkriberte så har eg analysert og sett på korleis leiinga opplever at verdigrunnlaget er forankra, kva rolle verdiane vil ha for endring/utvikling av organisasjonskulturen i ny organisasjon og kva meining dei har om eiga leiarrolle knytt til dette verdiarbeidet. Funna i undersøkinga viser at det å arbeide vidar med verdiane og det felles verdigrunnlaget vert viktig. Å verbalisere det, snakke om det, gje det innhald i kvardagen og i tenestene må til om det skal ha noko verdi. Verdien av verdiar ligg i det å bruke det, få det inn under huda og la det bli ein del av det levde livet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherVID vitenskapelige høgskole. Diakonhjemmet Osloen_US
dc.subjectverdibasert ledelseen_US
dc.subjectverdieren_US
dc.subjectkommuneren_US
dc.subjectsammenslåingen_US
dc.subjectÅlesunden_US
dc.titleVerdien av verdiar når ein ny kommune vert til. Ei kvalitativ undersøking av leiarar si meining om kva rolle eit felles verdigrunnlag har i sammenslåinga av organisasjonar?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber63en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel